Stryke lang duk?
Eg har lite strykeerfaring, og stryker stort sett to gonger i året; til jul og til 17.mai. Den einaste kvite finduken vår er av typen vaske, henge opp og legge på. Så kjøpte me oss spisebord som kan utvidast, og da måtte me ha ny duk. Det er få å velge mellom i den storleiken, men enda opp med ein sånn teflonsak. Den må strykast etter vask. Eg har hengt den opp like samvittighetsfullt, men den ser ikkje fin ut sjølv for meg som ikkje er nøyen på sånt.
Korleis stryker ein lange dukar? Strykebrett? Da vil den jo brette seg i golvet på begge sider og krølle seg også etter stryking. Kan eg stryke på spisebordet ved å legge dynetrekk under?
__________________
Bergensis
|