Sv: Mat til kresen 11-åring
Eg er enig med fleire over her - minst mulig mas og fokus på mat er bra, ikkje aksepter dårlig bordskikk, og det er greit å finne seg annan mat i kjøleskapet om ein vil.
Eg har erfaring med det å presse litt, slik som Teofelia skildrar over her. Grunnen er at vår litt kresne 2-åring (som berre åt rein ris og rein pasta), fekk diabetes. Og cøliaki for sikkerhets skyld. Med diabetes MÅ ein ete, og ein kan absolutt ikkje velge å berre ete kvite rundstykker, pasta med ketchup eller ha eit slikt kosthold som eg forstår jenta som er tema i denne tråden har. Eg har aldri vore tilhengar av press når det gjeld mat, fordi eg veit at det kan føre til full nekt. Men i vårt tilfelle MÅTTE vi ha skikkelig mat i ungen. Det fekk vi gradvis til ved det eg vil kalle litt sterk overtaling. Her vil nok ungar reagere ulikt etter personlighet, men vi var heldige og hadde ei som lot seg overbevise. Ho er ei matglad jente i dag (7 år), som viser stor matglede.
Lykke til med 11-åringen! Eg hadde nok kanskje vore litt strengare, særlig om det var meg sjølv som var kokk - hadde ikkje brydd meg om å spørre barnefaren trur eg. Når vi har små venner på besøk får dei beskjed om at det er dette som er til middag, og det er faktisk ikkje lov å klage. ALLE må ha litt av alt på fatet, men dei treng ikkje smake på det. Enkelte små venner blir litt sjokkert, men aksepterer at slik er regelen hos oss. Dersom dei er sultne etter måltidet får dei tilbud om frukt.
|