Boblejakke/kåpe til jente og dame?
Storesøster har ei nydeleg og god boblejakke frå Skogstad no, men den er snart for liten. Ho skulle hatt ny snart, men eg synes dei ofte blir så klumpete, særleg på henne som er lita og veldig tynn. Helst vil eg ha ei som rekker ned forbi rumpa. Den jakka ho har no kosta 700 ny.
Sjølv har eg no ei boblekåpe kjøpt på Lene V for nokre år sidan. Kosta ein tusenlapp. Den er ikkje fin, men den er er himla god. Eg ønsker meg ei veldig varm boblekåpe som ikkje bør koste meir enn maks to tusen. Eg føler ofte at boblejakker blir veldig klumpete. Eg prøvde ei frå Bergans i går, og eg såg ut som ein liten badeball i den. Dei ser jo ok ut på andre, men på meg blir det berre rart. Eg ønsker altså kåpevariant.
Anbefalingar?
__________________
Bergensis
|