Sv: Spinoff - merker du matboksene til barna?
Her har me hatt ein Nøstebarn ullribb-gensar og eit stort kakefat på avvege. Begge har vore merka med både navn og nummer, men ingen har tatt seg bryderiet å ringe ang. dette. Det synes eg er kjipt. Gensaren fann eg tilfeldigvis igjen da eg var på utflukt med jobben. Den hadde nokon hengt på ein staur ute i fjellheimen. Kakefatet visste eg kvar var, men valgte å vente til skulen starta opp igjen etter ferien før eg ba om å få hente det.
Ikkje mykje poeng i å merke med navn og nummer, er mi erfaring. I barnehagen held det med fornavn eller initialar.
__________________
Bergensis
|