Sv: Glemte og gjemte norske perler - anbefalingstråd!
Eg har litt nyare litteratur til lista:
Eg har blitt veldig begeistra for Hvis noen ser meg nå av Benedicte Meyer Kronenberg. Eg har nemnd ho i fleire trådar i det siste, så eg beklager viss eg går på repeat, men det er ei veldig fin bok.
Urd av Ruth Lillegraven er og ei flott bok. Det er eit episk dikt om to kvinner, Cecilie (vår samtid) og Sesselja (tidleg 1900-tal). Cecilie flytter inn i det gamle huset etter Sesselja. (Eg venter på årets Lillegraven-bok, Manilahallen, som skal komme i posten snart). Eg synest måten ho skriv forteljingar i diktform på er veldig spennande. Sjølv om det er dikt, er det veldig tilgjengeleg.
Merethe Lindstrøm og Per Petterson er jo nevnt over, men dei liker eg og veldig godt. Gaute Heivoll og Helga Flatland er eg og veldig begeistra for, men dei er kanskje ikkje "glemte og gjemte".
Og til slutt må eg bare trekke fram Liten av Nils-Øivind Haagensen. Ein veldig sterk roman, som ikkje er biografisk, men som har element frå forfattaren sitt liv i seg. Hovudpersonen heiter Nils Øyvind (utan bindestrek og med y), og som forfattaren har han og mista søstera si då han var fem år. Boka handler om Nils Øyvind då han var liten og etter at han har blitt voksen. Ganske klassisk "ung, utilpass mann"-tematikk, men samtidig er skildringane frå barndommen og særleg av barnets sorg og barnets observasjonar av dei voksne sin sorg veldig gode.
Eg sa til slutt, men eg kom til å tenke på Kjersti Skomsvold. Jo fortere jeg går, jo mindre blir jeg er ei veldig god og humoristisk skildring av ei gammal dame med angst for å gå ut frå leiligheita. Den kan og anbefalast.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|