Sv: Nokon og nokre?
Dette skriver Språkrådet om nokon i minigrammatikken som ligger ute, og som skal være etter 2012-rettskrivinga:
Sitat:
·Nokon
Demonstrativet nokon har slik bøying:
nokon bil noka avis noko hus nokre/nokon bilar
Det er viktig å merke seg skiljet mellom nokre og nokon. Eit slikt skilje finst ikkje på bokmål (noen). I fleirtal blir nokon nytta særleg i nektande og spørjande setningar:
Møtte du nokon turistar på vegen? Ja, nokre få på veg til Straumbua. Eg ville at alle skulle delta, eg ville ikkje ha nokon unnasluntrarar. Men nokre av deltakarane sneik seg unna likevel.
Det kan også vere nyttig å jamføre med engelsk some og any. Any kan omsetjast med nokon, og some kan omsetjast med nokre:
Did you see any cars? Såg du nokon bilar? I saw some cars. Eg såg nokre bilar. I didn’t see any cars. Eg såg ikkje nokon bilar.
Det ser altså ikke ut til å stemme at nokre og nokon er sidestilt i flertall.
__________________
2001 og 2001
|