Sv: FPs partibarometer
Opprinnelig lagt inn av mrc, her.
Ganske enkelt - den linjen som MDG legger opp til føre til at økonomien raseres i Norge - det vil også gå ut over levevilkårene til barn i generasjoner...
Dette var ein frisk påstand - kunne vore interessant å veta kva du bygger han på.
Når det gjeld fossilverksemda må me vera klår over at ein med å driva med dette bidrar til det som forskarar åtvarar mot: Ei alt for stor oppvarming av jorda og påfylgjande problem med klima, havnivå og levevilkåra for mange artar på jorda, både dyr og plantar, samt ei endring av kjemien i hava med mindre basisk havvatn("forsuring") noko som det vert åtvara kraftig mot frå forskarhald. MDG vil innføra åtgjerder for at me som nasjon skal slutta med å bidra til dette og heller vri oss over på verksemd basert på fornybar energi. Det er klårt at dette vil ikkje verta lett, men eg har lite tru på at det vil føra til ei rasering av norsk økonomi som det ver skræmd med her - er forresten vår fossilsentrerte økonomi så framifrå at dette er noko me for ein kvar pris helst vil fortsetja med - og så skal alle andre ta omsyn til klima?
Det kan vera interessant å veta kva veg ut av "fossilalderen" de ser for dykk de som åtvarar så kraftig mot MDG. Greitt at de ikkje likar MDG sin politikk, men kva er dykkar alternativ med omsyn på dette?
__________________
Rart er fint
|