Sv: Asylsøkere og guantanamo
Opprinnelig lagt inn av annemede, her.
På hvilken måte er det at man ikke tar ordentlig vare på dem når de får bo et sted, får mat og drikke, får bevege seg fritt?
Livskvalitet handlar om meir enn berre å ha tak over hovudet, mat og drikke og fri rørsle. Fordi om ein er asylsøkar så må ein vel fortsatt kunna ha forventning om noko meir enn berre å få dekka primærbehova.
Du kan kanskje tenka deg sjølve korleis det ville vore å verta plassert langt huttiheita. Ingen grunn til å tru anna enn at dette er folk som har levd og vore aktive i sine lokalsamfunn der dei kom ifrå.
Når det er sagt så tenker eg me kanskje skal vera litt kritiske i høve til sjølve artikkelen som var utgangspunktet. Eg syns eg anar eit visst handgrep frå ein journalist som kanskje ynskjer å spissa vinklinga på saka og dermed har fått fram dei som er mest kritiske - og kanskje er dei ikkje så kritiske i røynda som det ein får inntrykk av i artikkelen. Ein må freista tenka seg kva slag spørsmålstilling som er gjort for å få dei svara som er kome med og kanskje og kva spørsmål og svar som ikkje er teke med.
Journalistikk er røynda sett gjennom journalisten sine auge og farga av han eller ho sin trang til å få ei sak med spenst og helst litt drama og konflikt.
__________________
Rart er fint
|