Rørte jordbær - til frysing
Eg har ei diger skål med norske jordbær i kjøleskapet. Dei er ikkje så fine lenger, men kan brukast til syltetøy tippar eg. Reiser bort i morgon, og må få nyttiggjort meg desse bæra.
Eg finn litt info om rørte jordbær på nettet, men enkelte meiner at ein absolutt må ha frysepulver i - i alle fall litt. Må eg det da? Eg syns det er greit med flytande syltetøy (men med klumpar). Knuser eg det forresten med gaffel/stappe, eller skal eg frese det med stavmiksar?
Og dette går da greit å fryse ned vel?
|