Katt som ødelegger møbler
Min store bamse av ein katt er ei urokråke om natta. Eller, han kan vera det på dagtid og, men då stoppar me han med ein gong.
Han har stort klorestativ berre så det er sagt, men dette vil han ikkje bruke. Det er nemlig sofaen min han vil ta. Og dørmatter. Og det er ikkje litt greit ein gong. Han får ikkje lov. Han skal og opp på kjøkkenbenken, men dette har eg løyst med å ta tape der om natta (feil vei, ikkje godt for han å gå på)
Men det var denne sofaen. Nokre gode forslag til korleis eg kan få han til å slutte?
Tar han eg han ut på gangen, klorer han døra i fillebiter. Legger eg han i buret, gjer han i frå seg inni buret i løpet av natta. Å måtte dusje ein main coon er ikkje bare bare.
Han vekker oss med kloringa si, så i natt blei han til slutt kasta ut etter 4 gong. Det er heller ikkje ei god løysing, pga andre kattar og eg ikkje likar at han er ute om natta.
Men eg vil gjerne ha den nye sofaen mi fin ei god stund til.
__________________
Nobody is perfect. My name is Nobody.
|