Sv: Høner
Me kan fint reise vekk ei helg, dersom me har fylt vannbeholdarar og forautomat heilt opp. Skal me vera vekke lengre, setter me inn meir av alt. Men, og det er eit stort men. Me har alltid nokon som kan sjå etter dei. Fordi ein veit aldri når hønsehauken, reven, mink eller mår, finner ut at han vil ha seg ei høns eller ti. Og dersom me ikkje har nokon som ser etter, risikerer me å komme heim til eit lite koselig syn. Og null levande høns. Men, ei vanleg helg frå fredag til søndag går stort sett heilt fint.
No, piper det forresten i rugemaskina. Første kylling på veg ut
__________________
Nobody is perfect. My name is Nobody.
|