Vis enkelt innlegg
Gammel 21-02-17, 20:25   #1
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.494
Blogginnlegg: 174
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Mindre plast i kvardagen - konkrete tiltak

Det er mykje snakk om plast, mikroplast og plastforurensing for tida, og eg kjenner eg vil ha konkrete tips til kva eg kan gjere. Eg kjende på det i dag, då kjøpte eg blåbær i sånne plastbeger som bare åpner seg i sekken og tok ein ekstra frukt-plastpose utanpå for å unngå at blåbæra trilla ut. Men det er jo unødvendig. Og den blå posen med plastsøppel her heime er jo alltid full!

Kva gjer folk, og kva kan vi gjere, for å redusere bruken av plast?

NRK har ei liste her https://www.nrk.no/livsstil/atte-enk...ast-1.13380967, men ta sånn som fruktdisken, finst det papirposer ein eller gjenbrukbare poser ein kan bruke til å plukke frukt i? Kva med den skåla med middagsrester som eg fort trer ein plastpose eller litt plastfolie rundt, kan eg finne andre løysingar der? Og dette med microfiber, fleecetøy og nanoplast - er bambus betre, for folk som ikkje liker ull? Bør eg revurdere forestillinga om at vinninga går opp i spinninga viss eg skyller yoghurtbegeret i varmt vatn? Korleis funker Moon cup for folk som ikkje fikser tampong? Og så vidare ...

Tips og idear til alternativ til plast, gjerne med lenker til gjenbrukbare eller nedbrytbare løysingar mottas med takk!

__________________

People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
nokon er ikke aktiv   Svar med sitat