Vis enkelt innlegg
Gammel 05-11-19, 22:36   #3
Bergensis
Ventar stadig på vår
 
Bergensis sin avatar
 
Medlem siden: Apr 2007
Innlegg: 9.758
Bergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt av
Standard

Sv: Langtidsskade og lagfølelse

Eg har berre sett dette som trenar. Me har invitert vedkommande til å bli med som lagleiar på kampar og som assistent på treningar. På treningane har dei hatt enkle øvelsar som ikkje kjem i konflikt med skaden. Feks. kan ein trene skulderrotasjon med strikk sittande på ein stol, sjølv om kneet er skada. Og kanskje dei har fått eigne øvelsar frå fysio i opptreningsfasen.

Dette er jo litt aldersrelatert da. Ein 10-åring gidder ikkje sitte på sidelinja og drive med eigentrening. Men tilbudet bør vere der, på eitt eller anna nivå.

Dei skal ha tilbud om å vere med på alt sosialt. Nokon har valgt å vere med på turnering som assisterande lagledar. Nokon ønsker ikkje å bli med.

__________________
Bergensis
Bergensis er ikke aktiv   Svar med sitat