Sv: Hvor glad er du i 17. mai på en skala fra 1 til 10?
Vanligvis er eg glad i 17.mai, og gir dagen ein niar. I år har me nett hatt konfirmasjon, og lysten på å klargjere bunad tre dagar etterpå er minimal. Me får sjå kva det blir til. Det er kjekt å gå i tog, synes eg. Det er kjekt å helse på sambygdingar, kjentfolk, slekt og venner på ein sånn dag. Og det er fint å sjå desse staselig pynta ein gong i året.
__________________
Bergensis
|