Vis enkelt innlegg
Gammel 15-10-16, 10:31   #39
Albertine
Bør lage seg en tittel selv
 
Albertine sin avatar
 
Medlem siden: Oct 2014
Innlegg: 3.694
Blogginnlegg: 36
Albertine er kulere enn de flesteAlbertine er kulere enn de flesteAlbertine er kulere enn de flesteAlbertine er kulere enn de flesteAlbertine er kulere enn de flesteAlbertine er kulere enn de flesteAlbertine er kulere enn de flesteAlbertine er kulere enn de flesteAlbertine er kulere enn de flesteAlbertine er kulere enn de flesteAlbertine er kulere enn de fleste
Standard

Sv: Ny blogg - hvordan nå ut til folk?

Opprinnelig lagt inn av nokon, her.

Litt avhengig av målgruppe og tema. Men erfaringa mi er at det er lurt å bygge opp litt innhold, slik at du ikkje markedsfører ein blogg med to poster. Det tar tid å bygge opp ein leserkrets, men det er lurt at det er litt å lese, når ein kjem inn på bloggen første gong.

For å skaffe lesarar, kan du vere aktiv med å kommentere på bloggar innanfor same sjanger som du skriv. Den erfaringa eg har, er at det blir eit miljø rundt blogginga, or folk kommenterer og lenker til kvarandre. Samtidig er slike "Hey, kom og sjå på min blogg"-kommentarar irriterande. Men å engasjere seg og kommentere og delta i diskusjonar, lenke tll andre og så vidare gjer at ein blir ein del av eit bloggfellesskap.

Instagram- og Facebook-side knytta til bloggen kor du oppdaterer med relevante bilete/statuser og gir beskjed om oppdateringer, dele lenke til nye bloggposter på Facebook/instagram/Twitter, følgje folk som er aktuelle og har same interesse i andre sosiale medier og så vidare, kan trekke lesarar. Her kan give aways eller utfordringar brukast og det går an å betale fb/instagram for sponsa innhold eller boost av poster. Det kan og vere lurt å finne ut når målgruppa er aktiv i andre sosiale medier. Eg var i ein redaksjon for eit bloggmagasin og då brukte vi Google analytics og såg at det var mykje trafikk mellom 11.30-12.30 (lunsjpause) og etter 19.00 så då delte vi oppdateringar på fb og instagram på desse tidspunkta.

Når det gjeld sjølve bloggen, synest eg det er viktig at eg får nok informasjon om bloggeren til at det går an å vurdere innhaldet. Så ei litt grundig om meg-side er lurt. Kvaliteten på innlegga er og avgjerande for om eg kjem tilbake. Ta deg tid til å skrive gode innlegg og ta hode bilete og les korrektur. Men det viktigaste er at du har ein stemme og ein stil som er særegen og som gjer at folk hugser deg og kjem tilbake til deg.

Ein del av dei store blogg-kunnskapsfolka anbefaler faste spalter og temadager og slikt. Det er ikkje eit must, men det kan gi struktur.

Dette var veldig gode tips. Skal se om jeg får til å lage både Instagrambruker og FB-side.

__________________
Be kind whenever possible. It is always possible. - Dalai Lama
Albertine er ikke aktiv   Svar med sitat