Vis enkelt innlegg
Gammel 27-03-16, 21:04   #60
Bergensis
Ventar stadig på vår
 
Bergensis sin avatar
 
Medlem siden: Apr 2007
Innlegg: 9.758
Bergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt av
Standard

Sv: Konfirmant 2017

Jøyes, me har visst konfirmant neste vår.

Eg har ordna lokal til begge barn for nokre år tilbake. Litt tilfeldig at eg kom på det, men det er såpass begrensa lokal tilgjengelig her at folk er tidleg ute. Å ha det heime er uaktuelt. Har bestilt eit lokal på ein veldig fin plass som eg har tilknytning til frå barndommen. Det ligger litt avsides til, men me hadde podens barnedåp der, så det går nok strålande.

Storesøster har arva bunad etter oldemor si, men sidan ho er såpass liten og sped enda, så avventar me tilpassing av denne. I mellomtida har ho fått lånt ein barneversjon av same bunad, og eg reknar med ho brukar denne i konfirmasjon. Ingen som ser at det er barneversjon ettersom den er klin lik voksenvarianten, berre mogleg å sy den både opp og inn, frå strl. 12 - 15 år.

Anar ikkje kva me vil ha av mat, men reknar med det blir ein eller annan koldtbord-variant. Og kaker til dessert. Det bakar vener og familie.

Eg synes den humanetiske konfirmasjonen virkar veldig fin, og håpar innerst inne på at ho vil gå for den. Men kjenner eg ho rett, vil ho velge tradisjonell, som dei fleste andre.

Antal gjester? Tja, må tygge litt på korleis me skal sette grenser der. Fadrar, besteforeldre, tanter, onklar og søskenbarn. Men kva med våre tanter og onklar? Eg har rimelig nært forhold til ein del av desse, men da blir det berre nokre få me må utelate. Og skal me be mine, så må me nesten be tanter og onklar på mannens side også. Iallfall nokre. Men lokalet er stort, så 10 gjester til eller frå spelar egentlig ikkje så stor rolle.

__________________
Bergensis
Bergensis er ikke aktiv