Tråd: #kvinnerinn
Vis enkelt innlegg
Gammel 20-08-15, 14:45   #11
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.493
Blogginnlegg: 174
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Sv: #kvinnerinn

Det er det same eg reagerer på kvar gong det er snakk om kvotering og feminisme og slikt - og eg veit vel strengt tatt allereie at eg er ueinig med FP-folk flest på akkurat dette området. Eg meiner likevel at det blir eit for einsidig fokus på kjønn/ minoritetstilknytning i slike kampanjer. Det som er viktig for meg, når det gjeld likestilling, er at ein skal ha like rettar uavhening av kjønn eller gruppetilhøyrigheit. Og når det då blir snakk om å stemme på folk fordi dei er kvinner , reagerer eg med at dette er like mykje diskriminering som å stemme på folk fordi dei er menn. Eg synest likestilling er veldig viktig, men eg opplever tidvis den veldig sterke retorikken rundt kjønn som det motsette.

Når det gjeld kyrkjevalet synest eg den kampanjen som Åpen kirkegruppe har hatt i år er veldig mykje betre. For fire år sidan laga dei ein oversikt over synspunkt på homofili hos alle kandidatane. Nå har dei laga alternative lister. Det er altså ei liste over kandidatar som er nominert av den tradisjonelle nominasjonskomiteen og ei liste over kandidatar som er nominert av Åpen kirkegruppe, som er kandidatar som har sagt at dei ønsker å jobbe aktivt for homofile sine rettar i kyrkja.

#kvinnerinn-kampanjen framstår som ei hakket mindre gjennomarbeida og impulsiv greie frå Susanne Kalzua, som nærmast tenkte høgt i eit blogginnlegg. Eg vil gjerne stemme inn kvinner, men ikkje fordi dei er kvinner (eller invandrarar, unge, homofile eller what not). Eg vil stemme inn personar som vil jobbe for saker som eg opplever som viktige. Og eg er skeptisk til at kjønn blir ein avgjerande faktor.

__________________

People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
nokon er ikke aktiv   Svar med sitat