Sv: Elektrisk gressklipper?
Eg er veldig begeistra for batteriklippar, fordi han er så lett. Eg klarer ikkje dra i gang bensinmotor med snora, når eg har senefestebetennelse i skuldra, og det har eg relativt ofte. Ulempa er som sagt at ein må lade batteriet, men det går fint å klippe plenen i fleire omganger. Vi ønsker oss likevel eit til batteri og eg trur tre batteri vil dekke plenen vår. Så om det er helsemessige grunner til batteri, synest eg ikkje det er så tungvint at det ikkje veg opp for fordelane med lett klippar.
Vi hadde begge batteria inne i huset i vinter og har ikkje merkar noko på kvaliteten over vinteren. Våre stod tørt og utlada, ikkje i ladar.
|