Vis enkelt innlegg
Gammel 22-09-16, 14:14   #22
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.494
Blogginnlegg: 174
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Sv: "Jeg er ikke ute etter noen, jeg er ute etter noe".

Eg er eigentleg positiv til diskusjonar rundt tema, så lenge dei foregår på riktige premisser. Men altfor ofte foregår diskusjonen på heilt feil premisser. Den debatten som går i media nå, er starta med utgangspunkt i ein NRK-sak som presenterer AAP-ordninga som lukrativ. Eg anbefaler denne kronikken frå Dagbladet, som klargjer ein del av dei misforståtte premissene som ligg bak argumentasjonen til NRK. Når argumentasjonen retter seg mot stråmenn, opplever dei som kjenner seg ramma og misforstått eit behov for å forsvare seg.

Eg ser ganske mange paralleller mellom diskusjonen om sjukelønnsordning og fråversdiskusjonen om vidaregåande. Og i begge tilfeller handler det om å finne ein retorikk som får fram at det er forskjell på sjuke folk og snyltarar eller skulkarar. Og eg er einig med Skavlan i det han seier om at passivisering og isolasjon sjeldan fører noko godt med seg. Samtidig så reagerer eg veldig sterkt på retorikken her, fordi argumenta i ein del av dei saklege diskusjonsinnlegga ikkje stemmer med det som er mi erfaring med verken NAV eller arbeidslivet. Og det er fleire aspekt ved dette:

For det første: Det er ingen som tilbyr AAP som ei lukrativ løysing for folk som har vore sjukemelde i eit år. Det er ei ordning med sterke dokumentasjonskrav, som skal ivareta folk som har meir langvarig sjukdomsforløp enn 52 veker. Og sjølvsagt vil det vere variasjonar frå saksbehandlar til saksbehandlar. Men eg kjenner meg ikkje igjen i det NRK skriv her:

Sitat:

Tenk deg at du mister jobben. Du sliter med angst og depresjon, så NAV plasserer deg på den gunstigste økonomiske ytelsen de kan tilby deg. Så sitter du der. Pengene kommer på konto med jevne mellomrom, du sover bort mest mulig av døgnet, spiller spill, kjører rundt i bilen, er oppe hele natta og henger med venner som er ferdig på sin jobb.

Og eg trur dette er unntaket, ikkje regelen. Mi erfaring er i alle fall behandlarar som følgjer opp og stiller krav, saksbehandlar i NAV som kommuniserer med behandlarar og møter kor alle snakker saman om kapasitet og aktivitetsnivå. Mi erfaring er òg at dersom ein av ulike årsaker ikkje klarer å følgje opp avtalen ein har i aktivitetsplanen sin hos NAV, må ein gjennom ein ny runde og gjere nye vedtak. Det vil då vere opp til dei representantane for helsevesenet som står rundt pasienten, om det blir lagt meir press på pasienten eller om det vil bli ei endring i aktivitetskrava.

For det andre: Det blir sagt utruleg mykje varmt om det å utnytte restarbeidsevne. Men det er seriøst ikkje lett å finne ein arbeidsgivar som vil ansette ein person som i gode periodar kan jobbe 20-40%. Her meiner eg det er rom for satsing på tiltak og endringar på systemnivå! På grunn av at arbeidsgivarsida utnytta den gamle ordninga med tiltak, for å få gratis arbeidsplass, er nå den ordninga NAV tilbyr såkalla lønnstilskot. Det betyr at ein må finne ein arbeidsgivar som er villig til å tilsette denne halvsjuke personen i ein ordinær stilling, mot at NAV betaler 66% av lønna (tilsvarande AAP-utbetalinga). Ein har fritak frå lønn i arbeidsgivarperioden og liknande, men for å få denne ordninga må det vere snakk om ein faktisk stilling. Og det er ikkje så mange arbeidsgivarar som ønsker å tilsette ein person som bare kanskje kan jobbe i gode periodar, når alternativet er å få ein frisk person i 100% stilling. Så i staden for å rette retorikken mot alle "snylterane" burde diskusjonen - dette "noe" som du vil snakke om - handle om korleis ein kan organisere arbeidslivet slik at dei som faktisk har ei restarbeidsevne kan få ein sjanse til å komme ut i jobb.

For det tredje: Når store medieaktørar presenterer historiar som Christian Lund sin og generaliserer på den måten NRK har gjort i lenka over, skjer det ei mistenkeleggjering av alle som mottar AAP. Og generalisering er aldri positivt. Dei som blir ramma av generaliseringa og mistenkeleggjeringa går i forsvarsposisjon og det fører til ein lite konstruktiv debatt. Men det er ikkje bare dei som kjenner seg krenka som skal ta skulda for dette, det handler òg om retorikken og vala av eksempler som kjem fram i media. For mange fører dette til auka isolasjon. Eg veit at eg ikkje er den einaste langtidssjuke som ser fram til haustmørket, fordi det går an å gå tur utan å bli konfrontert med at ein ser opplagt ut og kanskje burde komme seg i jobb snart. Og medan helsevesenet og deira representanter jobber med einskildpersonen for å forebygge ytterlegare sjukeleggjering og isolering, forsøker å hjelpe pasienten med å finne noko han eller ho kan meistre og fylle dagane med, slik at ein ikkje bare er pasient heile døgnet, har denne generaliserande samfunnsdebatten motsatt effekt. Folk trur det er legitimt å kommentere kva ein sjuk bruk overskuddet sitt på. Og veldig mange av desse sjukdommane er slike sjukdommar kor ein ikkje ser at ein god dag koster fire kviledager i etterkant. Dermed blir stigmaet større og folk våger ikkje gå ut i frykt for å bli konfrontert med naboen sine fordommar. I neste omgang fører dette til meir isolasjon og ei forsterking av ein del psykiske symptom. Så eg trur ei nyansering av samfunnsdebatten kunne ha vore til hjelp for ein del av dei som er i denne gruppa.

For det fjerde: Å vere i jobb er mykje meir enn å tene pengar. Å vere frisk og ha ferie er ein ting. Men å ikkje vite om ein klarer å gjennomføre avtaler frå dag til dag, er ikkje det same som å sitte på ein fortauskafé i Roma og drikke kvitvin ein sommardag. Å bruke fleire timar i veka på å sitte på venterom og vente på behandlarar er ikkje det same som å slappe av på stranda etter ei krevande arbeidsveke. Og som sjuk får ein ikkje pause frå sjukdommen sin, sjølv om ein tar ferie frå behandlinga.

For det femte: Innimellom blir eg personleg ganske frustrert over at det er så vanskeleg å forklare forskjellen på "fredagssliten etter ei travel veke" og den totale utmattelsen eg kan kjenne på, dersom eg har forsøkt å strekke strikken litt lenger enn eg har godt av. Eg trur ikkje det går an å forklare korleis det kjennest å ikkje klare å komme seg i dusjen, fordi ein er så utmatta av smerter at tanken på å stå oppreist tar knekken på ein. Det er ikkje det same som å kjenne at det er deilig å slenge beina høgt etter ei slitsom veke på jobben. Og i alle kommentarfelt flommer det over av kommentarar av typen "Alle er slitne innimellom, det er bare sånn livet er". Sjølv har eg forsøkt å forklare forskjellen på insomni og å sove dårleg. Ekstreme søvnvansker er noko anna enn å ha våkna ein gong på natta. Alle blir slitne av lite søvn. Men når normalen er to til tre timar søvn kvar natt, er det nesten ikkje mogleg å bidra med noko for andre dagen etter.

For all del, eg synest det å snakke om dette er veldig viktig. Men eg opplever at debatten i media er prega av fordommar og misforståelsar og manglande forståing av kva det vil seie å ikkje virke. Og eg skulle ønske at ein kunne overlate til NAV kontroll å gjere jobben sin, i staden for å synse og meine så mykje om naboen som var ute og handla i går, sjølv om han står på AAP.

__________________

People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
nokon er ikke aktiv   Svar med sitat