Sv: Baking til 17. mai - hjelp!
Eg bakar ei kake for ei veninne i år, så bakar ho ei for meg neste år. Svigermor bakar sikkert ei kake for meg. To kaker klarer eg sjølv. Me bakar meir enn fire kaker til bursdagar her i bygda. Ikkje fine festkaker da, men kaker. Det går fint.
Me er ein kakeglad befolkning. I forrige konfirmasjon var det 19 kaker på 24 gjester. Vertskapet hadde mista oversikten og takka ja til alle som tilbydde seg å lage kake. Resultatet vart ei kake per voksen, sånn ca.
__________________
Bergensis
|