Sv: Hvorfor streiker lærerne?
Så vidt eg har skjønt er ikkje lønnskrava som sådan hovedgrunnen til at det er blitt streik, men mangel på forhandlingsvilje frå staten. Fagforbunda er einige med regjeringa i at ei lønn som reelt er konkurransedyktig i forhold til næringslivet, vil ruinere statskassa og vere uansvarleg slik den økonomiske situasjonen i Europa er nå. Men regjeringa har gjort veldig mange grove feil i forhandlinga, blant anna ved å ikkje ville vike i det heile tatt, sende ut representant utan myndigheit til å komme med tilbod og offentleggjere revidert nasjonalbudsjett før forhandlingane er i boks. Denne totale mangelen på vilje til å forhandle, er ein like stor del av streiken, som sjølve lønna. For alle skjønner jo at det ikkje går an å fylle gapet mellom privat og offentleg sektor for så mange hundretusen offentleg tilsette, heilt utan vidare.
|