Sv: Skrytetråden for interiørhjørnet
Takk skal de ha alle saman, men det er relativt lett å få det fint når huset er heilt nytt. Men vi har prioritert kjøkkenet i huset. Det har fått beste plassen i bygget, fekk 34 kvm, og er det rommet vi er mest i.
Over benken er det ei glassplate som er farga i ein slags varm mellomgrå farge. Den skulle egentlig vere heilt mørk grå, men blei levert slik. Veit ikkje kvifor - men eg syns den er grei.
Billig laminatbenk kom i staden for råflott og dyr kompositt. Det blei eit bevisst valg p.g.a økonomi. Det gjer at vaskane er overlimt - som ikkje er heilt ideelt. Men vi lever godt med dette nokre år, og skiftar kanskje til kompositt når billig-plata blir stygg? Vi får sjå. Enn så lenge er eg veldig fornøgd
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|