Vis enkelt innlegg
Gammel 03-09-18, 07:53   #5
Simone
Bør lage seg en tittel selv
 
Medlem siden: Sep 2007
Innlegg: 2.807
Simone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelen
Standard

Sv: Fortell meg om speideren

Mi eldste har vore i speideren i fem-seks år no og eg er veldig fornøgd med opplegget. Eg har inntrykk av at speideren i vår bydel fungerer litt som ein oppsamlingsplass for dei som ikkje heilt finn seg til rette med diverse lagidrettar som fotball og handball. Veldig stor spredning i personlegdomar og stor aksept for at alle er forskjellige. I speidaren er det plass for alle!
Sjølv om det i utgangspunktet er ei kristen speidargruppe (KFUK/KFUM) får kristendom generelt lite fokus. Og det passar meg bra sidan eg ikkje er kristen og ingen av barna er døpt.
Det krever litt foreldreinnsats sidan det ofte er behov for å ha med ekstra voksne både på dagsturar og overnattingsturar. I alle fall til dei kjem opp i 12-års alderen. Etter det er det ikkje det samme behovet for å ha med voksne. Då 14-åringen var 12 var ho på helgeleir med overnatting i telt uten at det var ansvarlige voksne med i det heile tatt . Dei hadde kun med seg to 16-åringar som hadde ansvar for patruljen. Det var andre voksne tilstede på leiren som var der med patruljar frå andre bydelar, men altså ingen voksne frå vår bydel. Eg tok det som ein selvfølge at det skulle vere med voksne, så eg spurte aldri om det. Heldigvis fekk eg ikkje vite om mangelen på voksne før ho kom heim igjen. Ellers hadde eg antagelig satt meg i bilen med soveposen og insistert på å få vere med. Det gjekk heilt fint! Dei lagde leirplass og kokkelerte med stormkjøkken og primus og hadde ei super helg. Det var riktignok ein "smarting" som bada i sjøen med klærne på uten å ha med klesskift, men han overlevde han også. Og han lærte antageligvis litt av å fryse etterpå. Utrulig kor sjølvstendige dei kan vere om dei berre får sjansen!

__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
Simone er ikke aktiv   Svar med sitat