Sv: Din beste oppskrift med ingefær
Ingefærdrikk
150 g ingefær (treng ikkje skrellastkr
10 ss sukker (brunt eller kvitt)
3 sitronar
Vatn med kolsyre
Rasp ingefær grovt
Bruk potetskrellar til å skrelle av det gule skalet på sitronane, unngå å få med det kvite.
Støt saman ingefær, sitronskal og sukker. Ha i safta frå dei tre sitronane.
Hell over minst 1 liter vatn med kolsyre, alt etter kor sterk du vil ha drikken. La stå 10-15 minutt.
Server med isbitar
Kan oppbevarast i kjøleskåp nokre dagar. Eg lagar den konsentrert med lite boblevatn i utgangspunktet og blandar den ut etterkvart.
__________________
Dårlige vitser har også livets rett.
|