Tråd: Kompostbinge
Vis enkelt innlegg
Gammel 08-07-12, 19:19   #9
naima
nerdedame
 
Medlem siden: Feb 2010
Hvor: Trondheim
Innlegg: 545
naima er litt kulnaima er litt kulnaima er litt kul
Standard

Sv: Kompostbinge

Vi har Kompostbjørn og er nøgd med den, det samme er foreldra mine. Den må ha nok avfall gjennom vinteren for å halde seg varm. I vinter gjekk det fint, i fjor fraus den - da var det ein lang periode med temperatur ned mot -20 og vi orka knapt gå ut med komposten. I vinter var det kortare periodar med såpass kaldt, og vi lagde nok litt meir kompostavfall også.

Det einaste er at isolasjonslista under ytterlokket strekker seg og dermed ramler lett av, produsenten sendte oss ny gratis då den første kom bort. Viss eg hugser det skal eg stifte eller lime det fast ein dag... Utan denne lista komposterer den betrakteleg dårlegare heile året, og det kan bli nokså sur lukt rundt den (veldig lokalt, ikkje 5-6 meter unna).

Vi hadde varmkompost heime på tidleg 90-tall, eg og broren min tvang pappa til å bygge etter cirka Grønn Hverdag sin byggeanvisning. Den fungerte finfint i mange år, og miljøvernerbarna var happy

naima er ikke aktiv   Svar med sitat