Sv: Hvordan feiret du din 40-årsdag?
Eg har ikkje feira bursdag sidan eg var 13 år. Korkje familieselskap eller anna. Tanken på å ha sånne selskap er utenkelig. Å vere midtpunt er ein kjip tanke. Eg er ukomfortabel med tanken på å få gåver. Og hadde vel knapt klart å fylle eit prøverom med venner å feire samman med.
I familien feirar me jentungen sin bursdag, og den er så tett på min at me slår oss sammen. I realiteten er det sjølvsagt ho som blir feira. Det er berre ein veldig grei unnskyldning for å snike seg unna ei fjerde bursdagsfeiring i familien.
Mannen slo seg saman med tre kompisar og leigde lokale til sin 40-årsfeiring. Ved neste runde dag vurderer dei å reise utanlands.
__________________
Bergensis
|