Vis enkelt innlegg
Gammel 24-05-07, 09:52   #7
Syrin
Med tommestokk i veska
 
Syrin sin avatar
 
Medlem siden: Apr 2007
Innlegg: 5.042
Syrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelen
Standard

Sv: Er du ryddig eller rotete?

Eg er rotete, han er ryddig. Men eg har blitt mykje betre etter at vi fekk barn, og etter at eg fekk litt "kursing" hos www.flylady.com . Høyres litt ut som at du er inspirert av henne også Gaia

Faste, klare rutinar er det einaste som hjelper har eg funne ut. Samt det å vere klar over sine "hotspots"; dvs. dei områda i leiligheten der det hopar seg opp rot. Hos oss er dette krakken i gangen, spisebordet i stova (her havnar jo post, reine kle, vesker, nøklar, kamera osv osv) og ein bit av kjøkkenbenken. Desse "hotspots" prøver eg å rydde kvar dag. Det tar ca. 5 minutt.

Når eg kjem heim etter jobb henger eg opp klea mine, set sko på plass i skoskapet og går i gang med middag med ein gong. Etter middag ryddar vi inn i oppvaskmaskina og set på. Eg set meg ikkje ned etter middagen (då sovnar eg), men begynner å brette saman tøyet som eg hengde til tørk dagen før. Legg på plass i skapa. Hentar nytt tøy i maskina (som via ein timer blir vaska timen før vi kjem heim frå jobb). Henger opp tøyet. Medan eg gjer dette rydder mannen kjøkenet og tørker over benker og bord. Det hender han gjer det seinare når ungane er i seng også. Så er det tid for lek / barnetv og deretter kveldsmat og kveldsstell for dei små. Medan dei dusjar kan eg tørke over vask og benk (men berre dersom det er støvete )Før eg legg meg smører eg niste til heile family'en til neste dag. Rydder opp etter meg etterpå.

Og så storhandlar vi på lørdagar og planlegg middag for heile veka. Det har spart oss uendelig mykje tid og vi et meir variert og sunt.

Syrin er ikke aktiv   Svar med sitat