Sv: Dagens besteforeldre - egotrippere?
Eg skjønner irritasjonen over generaliseringa, samtidig som eg ser at det er noko i det kronikkforfatteren skriv. Vi er så heldige at vi bur i eit velfungerande sameoge med svigerforeldra mine, som stiller opp og henter på AKS og bidrar med overnatting og det eine og det andre. Nå har vi akkurat avslutta ferien med å besøke dei på hytte på fjellet og eg har lese to bøker på tre dagar, medan eg har lytta til Ungen og Svigermor si samanhengande småprating.
Eg ser samtidig at mange, både her og i min krets elles, seier at det sitt langt inne å be besteforeldre om hjelp. Og eg skjønner at eg er ekstremt privilegert som har ei svigermor som trivst så godt med å vere saman med barnebarnet sitt. Når eg takker for hjelp, takker ho for at ho får lov å bruke tid saman med barnebarnet sitt. Det er ikkje noko vi kan forvente eller ta for gitt. Medan i tidlegare tiders storfamilier var kanskje slikt meir som forventa.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|