Sv: "Får ikke være Facebook-venner med foreldre"
Her får barnehagetilsette lov til å vere ven med foreldrene til barn i barnehagen. Eg har ikkje lagt til nokon, men eine assistenten har lagt til meg. Kva reglane for lærarane er, veit eg ikkje.
På min arbeidsplass er det ein regel om at me ikkje har lov å skrive om jobben vår. Me har ikkje lov å skrive "på jobb" ettersom det kan avsløre kven brukaren vår er. Det blir jo tullete. Brukarane våre avslører seg sjølve, særleg på ein liten plass. Men prinsipp er prinsipp, så eg synes det er greit. At tilsette ikkje skal skrive sånt som helveteshelg på jobb, 40 timars mareritt er jo ein sjølvfølge i mi bok. Men det er openbart ikkje ein sjølvfølge for alle.
__________________
Bergensis
|