Sv: Dine beste utradisjonelle julekaker?
Forsåvidt tørre småkaker, men supergode:
Ingefærkjeks
200 g romtemperert smør
200 g sukker
80 g sirup
1 egg
300 g kveitemjøl
1,5 ts bakepulver
3-4 ts vaniljesukker
0,5 ts salt
2-3 ss frisk, riven ingefær
...
Pisk smør, sukker og sirup luftig. Ha i egget og pisk litt til. Bland inn det tørre.
La deiga ligge i kjøleskåp ca 30 minutt.
Lag kjeks i ønska størrelse. Eg tok store teskeier, laga kuler som eg trykte halvflate. Då fekk eg 12 kjeks på brettet. Dei sig godt utover.
Steik på 200 grader, 6-8 minutt.
Avkjøl på plata nokre minutt før du legg dei over på rist.
...
Knallgodt peanøttsnacks:
Peanøttsnop
1 dl sukker
2 dl sirup
1 glas (350 g) peanøttsmør
6 dl Rice Krispies
200 g mjølkesjokolade
Ein neve grovhakka peanøtter
———-
Bland sukker, sirup og peanøttsmør i ein kjele og smelt saman. Røra bør ikkje koke.
Rør inn Rice Krispies.
Ha dette over i ei form dekka med bakepapir og avkjøl.
Smelt sjokolade i vannbad, smør den over peanøttblandinga og strø peanøtter over.
Set i kjøleskåp og skjer i bitar når sjokoladen har stivna.
———
__________________
Dårlige vitser har også livets rett.
|