Sv: Støtter dere veldedige organisasjoner?
Mannen har fast trekk på 500 i månaden via arbeidsgivar til eit eller anna formål, hugsar ikkje kva, men det er ein barneby. Arbeidsgivar gir tilsvarande beløp for kvar arbeidstakar som er med på dette.
Me kjøper fast litt julegåver frå veledige organisasjonar. Siste åra har det vore Flyktninghjelpen, Kirkens Nødhjelp og Plan.
Julekort kjøper me alltid frå Unicef. Har kjøpt ein god del gåver frå Kreftforeninga. Dei hadde utruleg flotte kunstkrus for ei tid tilbake. Kjøpte til mor og svigermor til kvar bursdag over nokre år.
Me er i tillegg medlem av Norsk Luftambulanse og Norsk Folkehjelp og gir til diverse innsamlingsaksjonar.
__________________
Bergensis
|