Sv: Vinylklikk gulv
Vi har lagt klikkvinyl i gang og trapp. Det vart veldig bra, behageleg å gå på og har holdt seg godt.
Merket anar eg ikkje, vi gjekk til eit byggevarefirma og fann det vi ville ha der. Golvet var lett å legge og enkelt å skjære til, sjølv til trappetrinn i ei trapp med sving og tilhøyrande merkelege mål. Vi la det direkte på eksisterande golv, som var linoleum i gangen og slitt, lakkert furu i trappa.
|