Vis enkelt innlegg
Gammel 11-08-17, 12:26   #126
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.493
Blogginnlegg: 174
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Sv: Arv og miljø - Vigdis Hjort

Når det gjeld Vigdis Hjorth, lurer eg veldig på korleis boka ville blitt mottatt viss ikkje Ingunn Økland og Aftenposten hadde satt i gang ei etterforsking av kva som hadde skjedd og ikkje. Eller før Knausgård, for dem saks skuld. Det er familien og Aftenposten som har gått ut med at dette er utlevering. Og eg trur ikkje den gjengse lesar hadde begynt å spekulere i kva som var sjølvopplevd og ikkje, viss ikkje dei hadde fått vite det.

Virkelighetslitteratur - kva er det? Er det Karl Ove som skriv om Karl Ove og Nils-Øivind som skriv om Nils Øyvind? Eller inkluderer det Vigdis som skriv om Bergljot? Eg tenker at den store forskjellen på Knausgård og Hjorth er korleis bøkene i utgangspunktet har blitt fronta. Guava skreiv noko her om korleis ho las Arv og miljø utan å kjenne debatten. Og her er det ikkje forfattaren eller forlaget som har satt i gang debatten om kor vidt det er etisk eller uetisk å bruke denne arvekonflikten i ein roman eller ikkje. Knausgård og Oktober gjekk ut lenge før Min kamp blei skriven og snakka om dette 2000-siders verket om Knausgård sitt liv.

Tidlegare i tråden blei det sagt at det var sitater frå mailer og brev og slikt sommelier brukt, så eg måtte bruke litt tid på å lese meg opp og sjå kva eg hadde gått glipp av. Men Vigdis Hjorth har aldri sagt at dette skal lesast biografisk. Tvert i mot har ho uttalt at dersom det var hennar intensjon, ville ho kalla hovudpersonen for Vigdis, ikkje Bergljot.

Eg synest det er stor forskjell på desse verka, først og framst fordi i Knausgård sitt tilfelle er forfattaren sin intensjon å bli lese biografisk. I Hjorth sitt tilfelle, er forfattaren sin intensjon å bli lese som fiksjon, medan publikum har vald å likevel - etter Ingunn Økland og Aftenposten sine noko tabloide framstillingar - lese boka som biografi.

Vigdis Hjorth har uttalt seg omtrent som Herbjørg Wassmo gjorde på 80-talet, etter Tora-trilogien. Men spekulasjonene har fått heilt andre dimensjonar nå.

__________________

People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
nokon er ikke aktiv   Svar med sitat