Vis enkelt innlegg
Gammel 03-05-12, 14:37   #62
naima
nerdedame
 
Medlem siden: Feb 2010
Hvor: Trondheim
Innlegg: 545
naima er litt kulnaima er litt kulnaima er litt kul
Standard

Sv: 1. mai - flagging & generell kutyme

Nabolaget vårt er også ganske liberalt i forhald til bruken av fridagar og helgedagar, men det bur ein del pensjonistar i dei næraste husa og dei gjer unna mykje meir motoriserte/bråkete aktivitetar på kvardagar, har eg merka. Sånn sett skiller vi oss litt ut når vi bruker søndagar til det, men det er sånn det blir når det flytter inn dobbeltarbeidande småbarnsforeldre Og eg trur ikkje dei har noko problem med det.

Eg ser ingen grunn til å provosere unødig, samtidig synes eg ikkje naboane skal la seg provosere unødig heller. Det er jo ikkje for å provosere at vi klipper plena på søndagar, og det trur eg dei skjønner også. (Eg hugser vagt at dei hadde eit selskap, kanskje det var dåp, ein sumardag for nokre år sidan. Vi oppdaga sånn midtvegs i plenklippinga at det plutseleg var masse blankpolerte bilar og finkledte folk på andre sida av hekken, og det vart litt flaut. Det hadde vore hyggeleg om dei kunne gitt oss eit hint på forhand, det hadde jo ikkje vore noko problem å ikkje klippe plena den dagen. Vi kjente dei ikkje noko særleg, og fulgte iallfall ikkje med på barnedåpane i området.)

naima er ikke aktiv   Svar med sitat