Vis enkelt innlegg
Gammel 02-05-12, 23:31   #60
naima
nerdedame
 
Medlem siden: Feb 2010
Hvor: Trondheim
Innlegg: 545
naima er litt kulnaima er litt kulnaima er litt kul
Standard

Sv: 1. mai - flagging & generell kutyme

Vi har ikkje flaggstang, hadde vi hatt det så hadde vi nok flagga for syns skuld - bur i ein del av byen med et ganske aktivt arbeiderlag.
Balkongflagget synes eg dog det er greitt å ha inne, vi pleier ikkje flagge på andre offisielle flaggdagar heller - igjen, det hadde vi nok gjort om alternativet til eit grått balkongflaggfeste var ei 12 meter høg kvit naken flaggstang.

Ettersom det har vore litt mykje vinter og lite vår i Trondheim i april, brukte vi gårdagen på hage-shining i staden for å gå tur eller noko anna "ikkje-provoserande". Men ikkje noko motorisert, kun raking og graving i blomsterbed. Vi vurderte å spyle fortauet, men utsatte det slik vi ville gjort om det var søndag (da er det greitt på kvelden, synes eg), og så vart det ikkje gjort lell... Igjen, vi bur i Trondheim, så finværsdagar brukast når dei ER her, uansett farge i kalenderen. Hadde vi ikkje kunna gjere sånt på dagar der vi har fri så hadde det ikkje vore mykje gjennomførbart med hage....
Næraste nabo er bensinstasjon med sjølvvaskeanlegg, så eg vil anmode naboar som ynskjer å klage på oss om å ta for seg bensinstasjonen først. Eg skal med glede slutte å klippe plena på søndagar om nokon klarer få bensinstasjonen til å stenge vaskeanlegget same dag!

naima er ikke aktiv   Svar med sitat