Vis enkelt innlegg
Gammel 03-10-14, 08:43   #12
Simone
Bør lage seg en tittel selv
 
Medlem siden: Sep 2007
Innlegg: 2.807
Simone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelen
Standard

Sv: Sykmelder kvinner seg for å "forebygge" sykdom?

Ein del kvinner gjer nok det, men eg trur ikkje det er nok av det til å forklare dei forskjellane mellom menn og kvinner som vi ser i figuren over kronikken.
Hittil i mitt liv har eg aldri høyrt menn bruke begrepet "å sjukemelde seg". Det er det kvinner som gjer. Menn "blir sjukemeldt".

Sjølv har eg kun vore sjukemeldt ein gang dei siste 10 åra, og det var på grunn av svangerskapskvalme. Mykletun nevner at det er forskjell mellom menn og kvinner også når svangerskapsrelatert fravær blir tatt vekk, men det er ikkje klart for meg om svangerksaprelaterte sjukemeldingar er med i figuren eller ikkje. Viss det er med, forklarar det nok ein god del av grunnen til at forskjellen mellom menn og kvinner er større blant dei yngste.

På min arbeidsplass er det generelt veldig lite sjukemeldingar, men her er alle høgt utdanna. Når nokon først blir sjukemeldt her er det snakk om alvorlig sjukdom, ikkje muskel og skjelettplager eller andre litt meir diffuse problem. Sjukemeldinga mi på grunn av svangerskapskvalme satt langt inne, og eg friskmeldte meg sjølv litt før sjukemeldinga gjekk ut fordi eg skulle holde eit kurs og ikkje hadde samvittigheit til å avlyse. Kom meg gjennom på eit vis med litt oppkast i pauser og kvalmestillande tablettar som eg eigentlig ikkje hadde lyst til å ta. Ingen tar over våre arbeidsoppgaver når vi er vekke, så dersom vi er lenge vekke er det fryktelig mykje å ta igjen når vi kjem tilbake. Dermed blir terskelen veldig høg for å sjukemelde seg. Kanskje litt for høg.

Eg kan ikkje seie at eg har observert noko synlig forskjell i det lille sjukefraværet vi har mellom menn og kvinner, men eg ser at kvinnene er meir slitne enn mennene.
Dersom eg samanliknar meg sjølv med mine mannlige kollegaer ser eg at eg sjølv blir langt meir stressa av å skulle prestere heile tida enn det dei blir.
Eg er relativt nyansatt i ei nyoppretta stilling og føler at eg heile tida må bevise at eg er rett person i stillinga. I går skulle eg foreksempel ha ein presentasjon for ein gjeng med viktige folk ganske seint på dagen og det førte til at eg sov dårlig om natta og var ukonsentrert i timane før presentasjonen på jobb. Dermed fekk eg ikkje gjort unna det eg hadde planlagt og fekk dårlig samvittigheit for det også.
Eg innbiller meg at menn generelt ikkje blir like stressa som kvinner og ikkje får dei samme samvittigheitskvalene når dei ikkje rekk å gjere ting som skulle ha vore gjort. Dermed blir dei mindre slitne og får mindre muskelplager på grunn av stress.
Og så er det dette med dobbel byrde som Mykletun nevner, at vi framleis tar hovudansvaret på heimebane sjølv om menn gjer meir enn før. Det blir veldig mykje å få dårlig samvittigheit for heile tida. Heime hos oss er vi heldigvis veldig likestilte, men eg føler likevel på presset om at eg skulle gjort meir saman med ungane, eg skulle ha vaska oftare og eg skulle ha vore meir opptatt av interiør og heimelaga mat slik som andre kvinner er. Og ikkje minst skulle eg ha trent meir! Det blir liksom aldri bra nok! Alltid noko som eg skulle ha vore bedre på! Tenker menn sånn?
I kronikken var det link til ein anna artikkel der ein mann med dårlig samvittigheit var intervjua. Han sa at han løyste det ved å vere flink til å delegere vekk oppgaver:
http://www.aftenposten.no/amagasinet...n-7725977.html

Han seier at menn er flinkare til det enn kvinner, og det trur eg han har rett i. Eg er livredd for å gi frå meg kontroll på ting på jobb. Vil helst gjere alt sjølv for å vere sikker på at det blir rett. På heimebane har eg blitt flinkare til det. Og der skal jo i utgangspunktet alt ansvar vere felles, så det blir eigentlig feil å snakke om delegering der. Det einaste eg ikkje har klart å "delegere" frå meg er ansvaret for klærne til ungane. Eg kjøper inn alt av klær og det er eg som pakkar byttetøy til barnehagen og pakkar kofferten når vi skal på ferie. Det er også eg som rydder i klesskapet, sorterer vekk det som er for lite og planlegger kva som må kjøpast inn. Har prøvd å overlate det til mannen nokre gangar, men det har skapt så mykje irritasjon at eg har krevd ansvaret tilbake . Det er jo heller ikkje ein kjempestor jobb og eg likar akkurat den jobben, så då kan han heller få 100% støvsugeransvar.

Gud, dette blei langt og ikkje akkurat "to the point" i forhold til spørsmålet i HI

__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
Simone er ikke aktiv   Svar med sitat