Sv: Jeg ønsker tips: cøliaki og barn
Litt omlegging av matvanar i familien gjer at det blir mindre arbeid. Vi et oftare ris, og sjeldnare pasta, sjølv om vi sjølvsagt har pastarettar også. Oftare salat som tilbehør enn baguetter. Rikelig med pålegg og grønt i matboksen - og kanskje ei mindre skive (sidan ho unsett ikkje er så veldig glad i brød).
Vi må også vere spesielt merksam på fiber og næringsinnhald sidan ho også har diabetes. Spesialmat for cøliakere (kjøpebrød, mjølblandingar, pasta..) har veldig lite godt innhald, og er mest av alt laga for å gjenskape det som er ein gluten-vare. Når det er sagt så er eg veldig glad for at utvalget er blitt bra - at det faktisk finst - og at det er lett å finne.
Eit stort hurra for glutenfrie havregryn! Håpar ho vil tåle "kan inneholde spor av". Det kan dei fleste, men enkelte må unngå også dette.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|