Vis enkelt innlegg
Gammel 11-04-20, 07:35   #35
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.493
Blogginnlegg: 174
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Sv: Hvordan venne seg til lydbøker?

Eg merker at lydbok og lesing er to veldig ulike aktiviteter for meg. Og eg må ikkje samanlikne dei to. Lesing er noko eg gjer når eg er samla og konsentrert og rolig. Lydbok er noko eg kan bruke til å stoppe grubling og bekymringer. Eg strikker, pusler, spiller mobilspill eller gjer noko fysisk samtidig som eg høyrer på lydbok.

Det er stor forskjell på kva bøker eg les og kva bøker eg lytter til. For at ei bok skal funke som lydbok, må det vere ei bok med mykje handlingsdriv. Eg lytter til krim, fantasy, spenningslitteratur osv. I tillegg lytter eg til ein del sakprosa og biografier. Bøker som er meir «saktegående», med interessant språk og liknande, er betre som tekst. Dersom ei lydbok ikkje fenger, eller eg ikkje liker opplesaren, har eg låg terskel for å velje ei anna.

Eg justerer hastighet etter innleser. Eg bruker alle nivå, og det er forskjell frå bok til bok. Eg bruker også bokmerker ofte, viss eg er litt ukonsentrert og spoler tilbake til det siste bokmerket om eg ikkje hugser alt.

__________________

People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
nokon er ikke aktiv   Svar med sitat