Sv: J.K. Rowling og barn som er Harry Potter-fan
Ja, Gaia, eg har lese essayet ho skreiv. Og eg synes det er litt formildende. Men likevel tenker eg at det er ho sjølv som eig problemet med å tåle å bevege seg på offentlege plasser som garderober, sjølv om det bygger på traumer. Eg ville nok også ha opplevd det som ubehagelig om ein som såg ut som ein mann var i damegarderoben. Men dersom ein automatisk tenker at fordi ein mann har utført overgrep, er alle menn voldtektsmenn, vil det vere veldig hemmende for korleis ein beveger seg i det offentlege rom. Og eg klarer ikkje heilt å akseptere premisset om at transkvinner skal miste rettigheter på grunn av at enkelte menn har skada og traumatisert enkelte kvinner eller barn. Det er ein type generalisering som eg ikkje synes er greit.
Ho problematiserer dette med kjønnskorrigering, og eg er heilt einig i at nyanser har lett for å bli borte i den prinsippielt debatten her. Som mor til gutt som leiker mykje med jenter, tenker eg ofte på kor stramme kjønnsrollemønster barn blir pressa inn i. Og eg trur at strenge normer fører til at fleire stille spørsmål ved identitet, enn om normene ville vore mindre strenge. Og dette er nyanser.
Men eg meiner likevel at Rowling har gått veldig lite varsomt fram, vist lite rolleforståelse, nettopp fordi ho bruker Twitter, som er ein kanal for spissformuleringer på den måten ho gjer.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|