Sv: Hvor ofte bytter man vanligvis bil?
Vi brukar som regel bilane våre til dei er oppbrukt, dvs til dei byrjar å bli dyre å repare, og vi slett ikkje stolar på at dei startar og går når vi treng det.
Sist kjøpte vi heilt ny bil, stikk i mot det vi hadde tenkt. Vi kjøper kun bil hjå forhandlar for å vere sikra ein snev av garanti om det skulle vere noko. Då vi hadde finrekna på alternativa, viste det seg at den splitter nye bilen med "alt" av utstyr, ville koste oss omtrent det same som den litt eldre modellen av same bil (og litt mindre utstyr). Dette fordi det var gode kampanjetilbod på den nye, og i tillegg fekk mannen 8% rabatt på grunnprisen (før avgifter) pga han er statstilsett. Så då vart det ny bil (og eg var skrekkslagen sjåfør den første veka, deretter gjekk det seg til).
No må vi skifte ut bil nr 2 (17 år gammal), men det blir ein rimeleg 3-4 år gammal bil sidan den ikkje skal brukast som hovudbil. Har eg tenkt.
|