Sv: Konfirmant 2024
Tok ei skikkeleg oppteljing no, og vi vert potensielt 70 personar om alle kjem! Stor familie (på eine sida), fadderfamilie utanom slekta, og vipps er vi like mange som eit middels bryllaup. Sikkert nokre som ikkje kan kome da. Kva er planlagt? Jo invitasjonane og lokale er i boks. Har funne ut av og har begynt å kjøpe inn serviettar/bordkort. Har fått to kjøkkenhjelparar.
Resten står att, og vi skal lage det meste av koldtbord sjølv, så det vil eg planlegge snart. Kaker håper eg det vil kome frivillige til å bake framover. Har minna mannen på at han er filmansvarleg. Skal skrive sang og tale, og kan like godt begynne å tenke på det snart.
__________________
03, 06, 09
|