Vis enkelt innlegg
Gammel 23-04-07, 10:03   #54
Olvina
Gjer så godt eg kan
 
Olvina sin avatar
 
Medlem siden: Oct 2006
Innlegg: 2.653
Blogginnlegg: 179
Olvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt likt
Standard

Sv: Vi skal ha ny bil - hjelp

Opprinnelig lagt inn av apan, her.

Hvordan er den størrelsesmessig ift Avensis stasjonsvogn? Vi sikler på en ny Avensis, men jeg synes ikke det ser ut som om 2-åringen kan sitte bakovervendt i den?

Vi har både ein Corolla Verso og ein Avensis, Avensisen er dog ein 2002-modell. Vi får 2-åringen vår bakovervendt i begge bilane, men det røyner hardt på i Avensisen etterkvart. Seteryggen der er ikkje regulerbar, og det er ein kjempefordel med Versoen - fleksibiliteten. Vi legg ned seter og tek dei opp igjen, regulerar seteryggane og flyttar setene fram og tilbake, alt etter behov, og alt med enkle handgrep og i løpet av sekund.

Vi fekk opplyst at Versoen er ein cm breiare enn den nye Avensisen, og det merkast utruleg nok. Vi har eit relativt stort barnesete, og med eldste på pute, er det minimalt med plass igjen til ein tredje person i baksete på Avensisen, medan det ikkje er noko problem i Versoen. Eit anna fortrinn med Versoen er høgda. Ungane kjem seg høgare opp og får oversikt og det gjer vi vaksne og, og ikkje minst merkar eg stor forskjell på ryggen min når eg står og lenar meg inn i bilen for å feste minste i setet sitt. I Avensisen må eg bøye meg nedover, i Versoen står eg mykje meir oppe og får ikkje den belastinga på korsryggen. Pga fasongen ser Versoen mykje kortare ut enn Avensisen (lengda på bilane er eg usikker på), men når ein parkerar bilane attmed kvarandre ser vi at dei er nesten like lange. Vi har 7-setar, Verso kan også leverast med berre 5 seter, men med bakerste seterekka nedslått er det utruleg kva vi får plass til.

Både Avensis og Verso er kjempegode bilar, men hjå oss er utan tvil Versoen blitt hovudbil og den bilen vi vel dersom begge er tilgjengeleg. Og Versoen er bilen 2-åringen forlangar å sitje i, dersom begge står i garasjen! (Og eg skjønnar ho godt, sitje bakovervendt med tilnærma rette bein vs. knea stadig nærmare øyrene...)

Eg anbefalar å ta ein tur til forhandlar og prøve begge bilane med barnesete i, då får ein litt meir inntrykk av kva som kan passe for ein sjølv og korleis det vil fungere i kvardagen.

Olvina er aktiv nå   Svar med sitat