Vis enkelt innlegg
Gammel 08-03-13, 09:32   #3
Hjertensfryd
Unik
 
Hjertensfryd sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2006
Hvor: Casa Del Troll
Innlegg: 9.316
Blogginnlegg: 98
Hjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de fleste
Standard

Sv: Prosjekt påskekyllinger

Då er innspurten i gong. Det er berre nokre dagar igjen til me forhåpentligvis kan studerer nokre små nøster. Er innmari spent no. 4 av egga, er frå Maran. Det er dei med det mørke mørke brune skallet. Desse har tjukt skall og det er derfor ikkje like lett alltid for kyllingane å komma seg ut. Eg håpar i det lengste på at det skal gå bra og er klar til å hjelpe ut dersom det er nødvendigt. Det har me gjort før, med hell. Ein skal i grunn ikkje gjera det, men dersom ein kylling har fått hull på eggeskallet, men ikkje kjem noko veg etter 1 døgn, så setter eg i gong med tiltak. Ein gong måtte me faktisk skrella heile kyllingen ut av skallet. Det gjekk heilt bra. Må berre bruka innmari god tid og passa på at ein ikkje river over nokre blodårer.

Men i dag ( dag 18 ) har eg tatt vekk vendaren, så egga ligg no heilt i ro. Temperaturen er skrudd ned 1 grad og fuktigheten er auka. Skal ha den heilt opp til 70-75% så det må litt prøving til, men det ser ut til at eg har klart det i løpet av dagen. Så no ligg alt til rette for dei små. På torsdag håpar eg å sjå nokre egg som ruggar på seg og kanskje piper litt. På fredag håpar eg at det kjem kyllingar.

Eg har gjort i stand ei webside der kamera vil vera satt på under klekking ( dagtid ) denne sida er no satt passord på. Dei som vil ha tilgang, gje meg ein lyd på eit eller anna vis. Det er berre ein forhåndsregel som me tar så ikkje kven som helst kan logge seg på.
Link til sida

Litt fun facts mens me ventar.

Dag 17: Kyllingen vender nebbet mot luftlomma i egget ( den butte enden)

Dag 19: Eggeplomme sekken vert absorbert (trekkjer seg inn) i kyllingens kroppshulrom.

Dag 20: Plommesekken er nesten heilt absorbert, kyllingen fyller store delar av egget.


Dag 21: Kyllingen vert klekka.

Me er no på dag 19 så kyllingen bør ha kommen seg rett veg. Hadde eg kunne tatt egga ut, så hadde eg no vert på jakt etter nebbet deira. Kyllingen fyller nemleg ikkje heile egget, i den butte enden er det ei luftlomme. Og det er ofte denne me som held på med dette, ser på. Luftlomma blir nemlig større etterkvart som kyllingen veks og. Det er ikkje store plassen den kyllingen har inni der.
Men tilbake til nebbet. Det første kyllingen må gjera er nemlig å komma gjennom hinna til luftlomma. Så dermed ser ein eit nebb i denne lomma, 24-48 timar før kyllingen blir klekka.
Men, maskina skal ikkje opnast dei siste tre dagane, så eg må berre smørre meg med tolmodigheit og vente på at egg begynner å bevege på seg og kanskje eg høyrer nokre små pip frå egget.

__________________
Nobody is perfect. My name is Nobody.

Sist redigert av Hjertensfryd : 20-03-13 kl 11:26.
Hjertensfryd er ikke aktiv   Svar med sitat