Vis enkelt innlegg
Gammel 08-05-15, 14:35   #5
Simone
Bør lage seg en tittel selv
 
Medlem siden: Sep 2007
Innlegg: 2.807
Simone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelen
Standard

Sv: Å vise hva man mener om andres bil...

Før køyrte eg ein sliten, gammal Toyota og høyrte aldri ein einaste kommentar om bilen min. Men etter at eg kjøpte meg Nissan Leaf har eg fått høyre både det eine og det andre. Den er stygg, den er no ikkje så miljøvennlig som den gir seg ut for å vere og alle dei økonomiske fordelane eg har i dag kjem til å forsvinne innan eit år. Og det blir sagt i ein ekkel hånlig tone som irriterar meg grenselaust. Eg drit faktisk i om eg ikkje får lov til å køyre i kollektivfeltet. Syns faktisk at det er heilt ok om den fordelen forsvinn. Eg brukar ikkje kollektivfeltet no heller, sjølv om eg har lov! Eg kan godt betale for parkering i bygarasjen i Bergen også. Til og med ein kollega av meg som vurderte å kjøpe EL-bil samtidig med meg har begynt å slenge med leppa.

Det er eit eller anna folk har i mot el-bilar, og særlig Tesla.
Eg skriv det på misunnelsekontoen

Men når det gjeld Tesla må eg seie at enkelte Tesla-eigarar (absolutt ikkje alle, og garantert ikkje fleirtallet heller), oppfører seg på ein slik måte i trafikken at det kan forklare litt av grunnen til at folk for aversjon mot Tesla. Eg har sett altfor mange nesten-ulykker forårsaka av Tesla-sjåførar som meiner at dei eig vegen og har forkjørsrett overalt. Men det er jo uansett teit å få aversjon mot ein bil og oppføre seg så barnslig som det du opplevde.

__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
Simone er ikke aktiv   Svar med sitat