Sv: Når innføring av fast føde stoppar opp
Me har no avvikla innføringen av fast føde i denne omgang. Skal snakke med helsesøster til veka, men reknar med me forsøker på nytt om eit par veker. Da blir det ny runde med smaksporsjonar.
No vart han sjuk med feber i går og i dag, så det kan forklare kvifor han også vegra seg på puppen.
Men eg lurer på ein ting til:
er det vanleg at dei blir treigare i magen ved MM enn ved fast føde?
Lillebror har lenge bæsja omlag ein gong i veka. Den siste dagen er det tydeleg at han har ubehag og han må trykke veldig for å få det ut. Dei ti dagane han fekk litt graut bæsja han kvar andre dag og hadde ikkje det openbare ubehaget. I dag har han slitt skikkelig med å få ut bæsjen og den var såpass hard at det vart rift. (sorry detaljar)
Trudde det skulle vere omvendt, eg. Tregare mage ved fast føde..........
__________________
Bergensis
|