Muligens ein avsporing, men var det nokon som høyrde intervjuet med Sigrid (med stum d!!!) på radio no i 11-1130-tida? Trur det var P4 eller kanal 24. Eg lurer på om det var ein spøk, dersom det ikkje var det... Sigrid (med stum d!!!), som sjølv er designer, byrja intervjuet med å seie at ho heitte ikkje SigriD, men Sigrid med stum d! Og det gjentok ho eit par gonger. Så slakta ho heile Marimekko-kolleksjonen. Hadde ho hatt barn, men det vart aldri barn på henne, ville ho aldri kledd sine barn med klær frå Marimekkos kolleksjon. Ho fortalte også at ho sjølv hadde lansert ein kolleksjon som heitte Karigekko Ho hadde dessutan laga ein suveren kolleksjon for Adelsten i si tid, men den kjeden vart jo lagt ned så det vart ingen suksess Det må vel vere ein spøk? Lyt google Karigekko eller variantar av dette navnet ettersom eg er usikker på om eg det var Karigekko ho sa.