Tråd: Nynorsk?
Vis enkelt innlegg
Gammel 16-01-08, 00:30   #111
Møøse
I could be violet sky
 
Møøse sin avatar
 
Medlem siden: Sep 2006
Hvor: Oslo
Innlegg: 782
Møøse er kulere enn de flesteMøøse er kulere enn de flesteMøøse er kulere enn de flesteMøøse er kulere enn de flesteMøøse er kulere enn de flesteMøøse er kulere enn de flesteMøøse er kulere enn de flesteMøøse er kulere enn de flesteMøøse er kulere enn de flesteMøøse er kulere enn de flesteMøøse er kulere enn de fleste
Standard

Sv: Nynorsk?

Opprinnelig lagt inn av bina, her.

Hvis du er så redd for språklig forandring burde du vel fjerne ordet SPAM fra din egen tittel? Finne eit dugeleg nynorsk ord i staden?

Eg skjønar forresten verkeleg ikkje kvifor du ser nokon likskap mellom språkleg mangfald og fråvere av språkleg endring, bina? Her er det nok litt mangel på kunnskap ute og går. Språkleg mangfald er ein naturleg tilstand, og noko vi bør jobbe for å fremje. Det er akkurat like naturleg som at levande språk endrar seg. Det at eit språk endrar seg, treng på ingen måte føre til at det vert mindre av språkleg mangfald. Sjølvsagt kan desse tinga hengje saman, dersom eit språk pga. ytre påverknad vert meir og meir likt eit anna språk og til slutt ikkje kan skiljast frå det. Men dette er eg ganske sikker på er eit utruleg lite vanleg scenario. Det som er mykje meir vanleg, og mykje verre, er at morsmålsbrukarar døyr ut utan å ha fått høve til å føre språket sitt vidare til nye morsmålsbrukarar. Dette skjer/har skjedd t.d. med ein del aboriginspråk i Australia. Det at engelsk har teke over i stor grad der, har ikkje noko med at det kom fleire og fleire engelske ord inn i dyirbal, walbiri eller yidiny, slik at dei til slutt vart til engelsk, men rett og slett at dei som snakkar desse språka flytande døyr, og det ikkje lenger finst folk som kan snakke dei skikkeleg.

Når det gjeld fenomenet i signaturen min, har vi her å gjere med noko som vert kalla "kodeveksling". Det er vel eigentleg eit teikn på spesielt god språkforståing og -meistring, og er eit fenomen ein kan sjå i særleg utstrekt grad hos folk som vekslar mykje mellom fleire språk dei kan flytande, t.d. hos ein del innvandrarar. (Ein tidlegare kollega av meg har skrive doktoravhandling om kodeveksling.) Det er heller eit teikn på at synapsane i hjernen fungerer spesielt godt og reagerer kjapt. Og kodeveksling trugar ikkje språket vårt. (Eg er fullstendig klar over at enkelte språkpersonar med makt uttrykkjer redsle for at engelsk skal ta over norsk, og eg – og mange lingvistar med meg – meiner det trugsmålet er sterkt overdrive.)

__________________
Møøse og barna , april 1999 og september 2004

Sist redigert av Møøse : 16-01-08 kl 08:47.
Møøse er ikke aktiv   Svar med sitat