Sv: Hage 2025
Har to tomme pallekarmar (ein enkel og ein dobbel) som eg funderer på kva eg skal gjere med. Trur kanskje det blir reddik og rødbetar, må gjere det enkelt i år.
Eg har eit blomsterspørsmål. Vi har eit område som har hatt markduk over seg nokre år no, slik at jorda no er fri for ugras og alt fjask som var der før. Eg er veldig usikker på kva eg skal gjere med det området, men eg hallar no mot å plante storknebb der og få eit heildekkande teppe med tida. Tar gjerne i mot innspel i den saka.
__________________
Dårlige vitser har også livets rett.
|