Sv: Greit med prestens boklansering og salg i kirka?
Tja ... så lenge kyrkja er finansiert slik ho er, synes eg overskrifta har eit relevant spørsmål. Ser at HI er sletta, så må gjette meg til kva det står der.
Leiga bør vere den same som leiga til andre aktørar som vil leige kyrkja til kommersiell aktivitet. På min arbeidsplass forvalter vi ein del offentlege lokaler, og det er ganske klare reglar (f.eks. aktiviteter til barn og ungdom under 25 er gratis leige, medan dersom det er inngangspenger/billett, er det heilt andre prisar). Slike rammer skal alle offentlege bygg ha og det skal ikkje vere skilnad på om tilsette eller einskildpersonar leiger.
Det eg tenker er mest problematisk er rolleforståinga til presten i denne samanhengen. At ein prest gir ut ei bok er heilt greit, men å bruke kyrkja for å promotere det kjenner eg er litt shady, all den tid grensa mellom prest og privatperson blir uklar. Ein prest har òg ein type stilling der hen bør vere ekstra bevisst å balansere denne rolleforståinga i offentlege rom og særleg i kyrkja.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|