Sv: Vintersko med vendbare pigger
Eg har desse: https://www.eurosko.com/no/dame/pigg...14157-52147025
Dette er tredje sesongen sidan eg kjøpte dei og eg er relativt fornøgd. Dei kom med eit mini-brekkjern som kan henge på nøkkelknippet - det er veldig praktisk for då har eg alltid med verktøyet til å vippe bøylane ut og inn. Eg må framleis sette meg ned for å vippe bøylane, fordi hoftene mine ikkje klarer å stå på eit bein. Men det gjeld jo brodder og liknande òg.
Eg synes det er ein stor fordel at eg ikkje gløymer eller mister brodder, fordi dei heng fast i skoa.
Eg kjenner at viss eg går mykje på dei så blusser plantar fascitten min opp, så eg passer på å ha joggesko/ innesko på jobb og liknande, som eg kan skifte til.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|